tirsdag 11. juni 2013

BEGYNNELSEN PÅ SLUTTEN

Det er no eg begynner å skjøna at om ei veka reiser eg heim igjen. Om ei veka reiser me heim, ikkje berre for to veker, men for godt. For meg er dette kjemperart, året har gått alt for fort, og no sitt eg her med veldig blanda følelsar for heimreisa neste måndag. Fyst må eg få sei at eg har hatt eit fantastisk år her i Frankrike, og dei eg kan takka for det er dei herlege klassekameratane mine, alle andre venna eg har fått her nede, «vertsen» og sjølvsagt dei to beste romvenninnene i verden, Idunn og Synne!


Engelsk


Dei franske har jo stressa med BAC’en (eksamenane deirans) sidan fyste skuledag, og dette merkar me jo endå betre no, sju dagar før dei skal opp. Men i dei faga dei ikkje skal opp i har me det veldig koselig, med mellom anna raclette i engelsken… ja, klassen min er herlig <3

Mathilde et Katell


Laurine et Mathilde <3

Emma <3

Ludivine, Hélène, Fatima et Audrey <3

I gymtimen skulle me jo og ha litt kos, ogso berre puff fekk eg fin presang frå klassen min og måtte halda ein liten improvisert takketale. Detta var jo ganske vanskelig, og eg sleit skikkelig for å ikkje stå framfor dei to S-klassane og hylgrina. 

Men som sagt, detta er jo begynnelsen på slutten og planen min for den siste tida her nede er å berre nyta kvar einaste dag!

Bisous

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar